| |
|
|
| |
Aktuelt
|
Samarbeid mellomStord og
Fitjar Folkebibliotek |
| |
BIBLIOTEKET HAR FÅTT NY
HEIMESIDE!
Biblioteket har fått ny heimeside i
samband med at Stord Kommune har fått nye heimesider.
Gå til biblioteket si nye heimeside:
www.stord.kommune.no/Stord-Folkebibliotek/ |
|
| |
DEL LESEGLEDE MED
ANDRE!
Dette er basisen for ei ordning med
leseombud. Eit leseombod er ein som les høgt for menneske som har
vanskar med å lesa sjølve. Hordaland fylkesbibliotek og organisasjonen
"Leser søker bok" arrangerer no ein kursdag på Stord for personar som
ynskjer å bli leseombud. Fellesnemnar for leseomboda er at dei ønskjer å
dela opplevingar med andre. Eit leseombod kan vera tilsett på ein
institusjon, eller ein frivillig. Dei lokale folkebiblioteka hjelper
leseomboda med å finna tilpassa litteratur for målgruppa.
Les meir....
(03.11.2009) |
 |
| |
VARSEL OM RESERVERTE MEDIA PÅ SMS
Når du no reserverer utlånte media
på biblioteket kan du samstundes be om at det vert registrert at du
ynskjer slike meldingar på SMS. Til no har biblioteket sendt ut
reserveringsmeldingar på e-post, eller som vanleg brev.
SMS-varslinga fører til at du får raskare melding om det du ventar på.
(28.10.2009) |
 |
| |
BOKSAL PÅ HOVUDBIBLIOTEKET
Onsdag 7.oktober startar me det
årlege boksalet på hovudbiblioteket i Kulturhuset.
Bøkene kostar kr. 5,- pr. stk., og du kan finna både skjønnlitteratur,
krim, fag, dikt, skodespel og diverse bøker for barn.
Velkommen til eit godt haust-kjøp!
(07.10.2009) |
 |
| |
|
|
| |
ENDRING I ALDERSGRENSE
FOR FILMUTLÅN TIL BARN
Biblioteket har til no hatt ei
nedre aldersgrense på 14 år for alt utlån av film. Me gir no høve til at
alle med lånekort (som har fylt 6 år) kan låna film.
Framleis vil me sjølvsagt praktisera aldersgrenser som måtte gjelda for
einskild-filmar; t.d. 7 år og 11 år.
Det er høve til å låna 2 filmar om gongen.
(29.09.2009) |
|
| |
EVENTYRSTUND HAUSTEN 2009
Me vil minna om at det vert
eventyrstund onsdag 11. november kl. 10.00 i
hovudbiblioteket. Sjå nærare orientering lenger nede på denne sida.
(22.09.2009) |
 |
| |
SJØLVBETENT UTLÅN
På hovudbiblioteket i
Kulturhuset kan du no nytta
sjølvbeteningseining ved lån av bøker og lydbøker. For å kunna nytta
utstyret, må du ha med lånekort.
Film og musikk må framleis lånast i biblioteket sin utlånsskranke,
der du òg framleis som før vil kunna få registrert alle lån.
Bibliotekpersonalet tek sikte på å læra opp brukarane slik at dei sjølve
kan nytta utstyret for sjølvbetent utlån. Me vonar at sjølvbeteninga kan
vera til avlasting i travle periodar, og bidra til at personalet òg får
meir tid til publikumsrettleiing.
SELF-SERVICE
Please remember you library card
when you visit us. Then you will also be able to use our SELF-SERVICE
when you borrow books and audiobooks.
(22.09.2009) |
|
| |
UTLÅN PÅ HUGLO HAUSTEN 2009
Biblioteket har eit mindre
depot av vaksenbøker utplassert på Huglo skule.
I haust vert det oppstart av utllån torsdag 3.9. mellom 18.00 og
19.00. I depotet finst skjønnlitteratur og faglitteratur for vaksne,
og litt musikk.
Det vert vidare utlån desse torsdagane i haust, alle dagane mellom 18.00
og 19.00.
September : Torsdag 17.9
Oktober : Torsdagane 1.10., 15.10 og
29.10
November : Torsdag 12.11 og 26.11
Desember : Torsdag 10.12.
Me ynskjer velkomne til lån på Huglo!
(18.08.2009) |
 |
| |
VELKOMMEN TIL HAUSTSESONGEN I BIBLIOTEKET!
Frå måndag 17. august og
skulestart har hovudbiblioteket vanlege opningstider att etter ferien.
Litlabø filial i Samfunnshuset har òg vanlege opningstider att frå
tysdag 18. august. Sjå oversynet til venstre på denne sida.
Biblioteket ynskjer gamle og nye brukarar velkomne. Kanskje er det lenge
sidan du sist var i biblioteket? Då vil du oppdage at me ikkje berre har
bøker, men òg lydbøker, film og musikk til utlån. Aviser og tidsskrift
finn du òg i biblioteket.
(06.08.2009) |
_lite.jpg) |
| |
EVENTYRSTUND
HAUSTEN 2009
Fyrste eventyrstund i haust
vert onsdag 2. september kl. 10.00 i hovudbiblioteket.
Eventyrstunda er for barn i alderen 4-5 år, og tek om lag ein halv time.
Etter eventyrstunda vert det høve til lån. Biblioteket har m.a. ei stor
samling biletbøker og bøker til høgtlesing.
Vidare plan for eventyrstunda i haust er desse onsdagane kl. 10.00:
Onsdag 30. september
Onsdag 21. oktober
Onsdag 11. november
Onsdag 2. desember
(06.08.2009) |
|
| |
Tidlegare meldingar |
|
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |